Biletet syner ein gut som sit og les i ei brosjyre
Utdanningsdirektoratet har bede om høyringsinnspel i samband med utviding av ordninga med 12 timar gratis SFO slik at ho òg skal gjelde for 3. trinn. FUG har svara på denne høyringa.
Ei gradvis innfasing av gratis SFO har vore ei satsing for den sitjande regjeringa. I to tidlegare etapper er det innført 12 timar gratis SFO for 1. og 2. trinn. Nå er turen komen til 3. trinn.
Gratis SFO er bra
FUG er glade for at SFO blir ein arena som er meir tilgjengeleg for alle. Det gjer det òg enklare for foreldre å nytte seg av tilbodet utan å uroe seg for økonomiske høve. FUG håper at dette ikkje går utover kvaliteten på SFO.
Svara frå FUG og høyringsnotatet kjem fram i dokumentet du kan laste ned nedst på sida.