
Vinteren 2025 mottok Kunnskapsdepartementet siste delen av forslaget til ein felles rammeplan for lærarutdanning. Denne våren går departementet gjennom og vurderer dei innkomne forslaga.
I den samanhengen er det opna for at ulike interessentar kan kome med innspel. FUG har nytta seg av denne moglegheita.
Departementet sitt bearbeidde forslag blir sendt på høyring i september, med frist i desember 2026. Nye forskrifter skal etter planen fastsetjast våren 2027.
FUG vurderer forslaget som godt og framtidsretta, særleg når det gjeld vektlegging av profesjonsretting, samanheng mellom teori og praksis, relasjonskompetanse, mangfald og partnarskap. Dette er sentrale element i utviklinga av framtidas lærarutdanning.
Samstundes meiner FUG at forslaget har ein vesentleg svakheit. Kva det er, kan du lese i høyringssvaret til utvalet nedst på sida.