Forslag om at trykte læremiddel mv. skal vere tilgjengelege i grunnskulen

Pc og bøker i skolen
Biletet viser bøkar som balanserast opp mot ein datamaskin.

FUG har gitt høyringssvar til forslaget om endringar i opplæringslova og privatskulelova som skal sikre at trykte læremiddel og læringsressursar er tilgjengelege i grunnskulen.

FUG støttar ikkje den foreslåtte lovendringa. Vi meiner målet ikkje bør vere å prioritere éin type læremiddel framfor ein annan, men å sikre at elevar og lærarar har tilgang til dei ressursane som best støttar læringa. Skulane treng difor både trykte og digitale læremiddel og økonomiske rammer som gjer det mogleg å finne ein god pedagogisk balanse.

I høyringssvaret løftar FUG òg fram foreldreperspektivet. Foreldre må ha reell moglegheit til å følgje opp skulearbeidet, og elevar må kunne få læremiddel i det formatet som best tek vare på behova deira.

Les heile høyringssvaret frå FUG her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.