
I juni i år sende Kunnskapsdepartementet ut ei allmenn høyring av eit forslag til nye reglar om deling av elevinformasjon ved byte av skolar. Departementet foreslo ei utviding når formålet er omsynet til skole- og arbeidsmiljøet til elevane og dei tilsette på den nye skolen. FUG har svara på høyringa.
Frista for å svare på høyringa gjekk ut 10. oktober.
Du kan lese alt om høyringa HER.
Samtale ved oppstart
I høyringssvaret har FUG peika på at dei støttar formålet bak lovforslaget. Samstundes har dei peika på nokre sider av saka som dei uroar seg for – særleg korleis deling av informasjon kan påverke vidare samarbeid mellom heim og skole dersom ikkje foreldra og eleven er med i vurderinga av kva informasjon som vert delt. FUG har sett fram fleire forslag til korleis ein kan styrke ordninga, mellom anna at det må bli krav om ei oppstartssamtale på den nye skolen.
Du kan laste ned heile høyringssvaret til FUG nedst på sida.