Innspel til nasjonal strategi for realfag og teknologi

FUG meiner det er behov for meir praktisk og utforskande undervisning

FUG har gitt innspel til arbeidet med ein ny nasjonal strategi for realfag og teknologi. Vi støttar ambisjonane om å byggje grunnlaget tidleg, gjere realfag og teknologi konkret og relevant og gi alle elevar moglegheit til å meistre og utvikle seg.

I innspelet løftar FUG særleg fram behovet for meir praktisk og utforskande undervisning, kompetente lærarar og likeverdige moglegheiter for alle elevar. Vi peikar òg på kor viktig foreldra og eit godt samarbeid mellom skule og heim er for å skape interesse, motivasjon og læring i realfag og teknologi.

Les heile innspelet frå FUG her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.