
Våren 2025 oppnemnde regjeringa ein kommunekommisjon. Oppdraget er å foreslå endringar i den statlege styringa av kommunesektoren. Kommisjonen har no levert den første av i alt to delrapportar, og FUG har gjeve eit høyringsinnspel til denne.
Den første delutgreiinga frå Kommunekommisjonen finn du ved å klikke på denne lenka
Omstilling i kommunane må ikkje gå ut over barna
FUG sitt hovudbodskap er at omstillingar i kommunane ikkje må svekkje barna sine rettar, oppfølginga eller læringsmiljøet, og at alle barn skal ha eit likeverdig opplæringstilbod uavhengig av kvar dei bur.
Utvalet peikar på behovet for å styrkje «laget til eleven», særleg for barn med samansette og sårbare behov, og åtvarar mot å svekkje lærarnorma. FUG understrekar behovet for ei breiare bemanning i skulen som også omfattar andre yrkesgrupper i tillegg til lærarar. FUG åtvarar mot mindre ressursar til skule og oppvekst og understrekar at skule- og elevretta tiltak som førebyggjer utanforskap og sikrar likeverdig deltaking, må prioriterast dersom øyremerkte tilskot blir vurderte fjerna.
Heile det skriftlege innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.