Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

Biletet syner ein familie som sit saman og ser på eit nettbrett.

Den 10. juni 2025 la Regjeringa fram for Stortinget ei melding om korleis dei ynskjer å arbeide for at alle barn og unge skal få ein trygg oppvekst i møte med eit digitalisert samfunn. Dette er Meld. St. 32 (2024-2025). Den 8. januar møtte FUG-leiar Ståle Sand Kalkvik i Barne- og familiekomiteen i munnleg høyring og la fram nokre av FUG sine viktigaste meiningar om dette.

Heile stortingsmeldinga finn du ved å klikke på denne lenka.

Foreldra si kompetanse

FUG har laga og sendt inn eit skriftleg notat til stortingskomiteen. I sjølve høyringa var det berre tid til å løfte fram nokre av dei viktigaste punkta frå dette. FUG har gjeve si støtte til hovedretninga i stortingsmeldinga og har særleg peika på at det er svært viktig i digitaliseringa i skolen at ein ikkje gløymer å informere, rettleie og involvere foreldra – slik at dei ikkje dett av lasset og mistar høvet til å støtte opp kring skolen sitt arbeid. Når ein i Noreg har sett seg til mål å vere blant dei beste i verda innan digitalisering, så forpliktar det òg til at ein sørgjer for at dei får naudsynt kompetanse for å henge med.

Heile det skriftlege innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.