
FUG-leiar Ståle Sand Kalkvik var uroa over rammene til kommunane i fjor. Han er ikkje mindre skuffa no. – Om eg tolkar det rett, blir dette nok ein realnedgang for skulen.
Kalkvik er uroa for den vedvarande mangelen på satsing på barn og unge – og det er han ikkje åleine om. Saman med FUB-leiar Tor Eirik Rasmussen har han merka seg at det er langt mellom dei reelle satsingane i oppvekstsektoren.
– Slik vi les det, er det ikkje gjort ei satsing utover løns- og prisveksten i barnehage og opplæring sidan 2016. Vi har altså tiårsjubileum med utarming av både barnehage og skule. Kva for ein katastrofe må til før det blir satsa på barna våre utover status quo?
Her finn du statsbudsjettet for 2026
Uroa for kvaliteten i SFO
Utviklinga i skulefritidsordninga (SFO) uroar òg Ståle Sand Kalkvik. Etter innføringa av gratis kjernetid har over 35 000 nye barn kome til – og fleire er venta.
– Vi ser ein kraftig auke i talet på barn i SFO, men ikkje ein tilsvarande auke i talet på tilsette. Held dette fram, fryktar eg at kvaliteten på tilbodet vil bli svekt – særleg for dei mest utsette barna. Spørsmålet blir då om tilbodet i det heile teke er attraktivt å bruke, seier Kalkvik.
Kva skjer med foreldreundersøkinga?
I 2024 la Utdanningsdirektoratet den nasjonale foreldreundersøkinga i skuffa, men lova å finne ein meir tenleg måte å høyre foreldra på. Det ser vi få spor av i budsjettet.
– Vi høyrer regjeringa seie at dei ønskjer betre innsikt i skulemiljøet for å få ei kvalitetsutvikling. Korleis skal dei få til det utan å høyre foreldra? spør Kalkvik og held fram: – Det er sett av 30 millionar kroner til ei ny skulemiljøundersøking. Vi forventar at dei i det minste tek inn foreldreperspektivet i denne undersøkinga.
Bra med meir leik i skulen
Vidare er det positivt at regjeringa vil auke tilskotsordninga for meir praktisk læring frå 160 til 191 millionar kroner og utvide ho til òg å gjelde elevar frå 1. til 4. trinn. Vi merkar oss òg at det er sett av meir midlar til trykte læremiddel.
– Vi veit at det er eit etterslep både på trykte og digitale læringsmiddel, og at dei no legg opp til 190 kroner per elev er for lite. Vi set vår lit til at dei andre partia på Stortinget bidreg med eit løft for sektoren, seier Kalkvik.