Digitale ferdigheiter

Biletet syner to vaksne og to barn som ser saman på eit nettbrett. Foto: Colourbox

I haust blei det reist ein debatt om digitale ferdigheiter og omtala av desse i læreplanane – særleg i høve dei yngste elevane i grunnopplæringa. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å sjå nærare på tiltak for å få til ei meir balansert bruk av digital teknologi på dei lavaste trinna. Forslaget som var på høyring gjekk ut på å leggje til ei setning om at digitale einingar skal nyttast med varsemd og ikkje dominere for elevar på 1. – 4. trinn. FUG har svara på høringa.

Høyringsfrista gjekk ut 21. november.

I denne lenkja finn du høyringsdokumenta.

Støttar

I eit kort høyringssvar har FUG gjeve uttrykk for ei støtte til forslaga i høyringa. FUG har peika på at det er bra med ei god balanse mellom analoge og digitale metodar. Samstundes må ein ikkje gløyme at for nokre elevar er skjerm og andre digitale hjelpemiddel naudsynte for at dei skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Du kan laste ned heile høyringssvaret og høyringsnotatet nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.