
Barnehagedagen 2026 nærmar seg. Her lastar du ned plakaten på ditt språk. Ho finst som vanleg på nynorsk, kvensk, lulesamisk, nordsamisk og sørsamisk.
Tysdag 10. mars blir Barnehagedagen 2026 markert i barnehagar over heile Noreg. I tråd med tradisjonen lanserer vi plakatane på ditt språk.
Årets barnehagedag har fått inkludering og fellesskap som tema, og slagordet er «rom for alle». Vi håpar mange barnehagar brukar dagen til å snakke om korleis ein jobbar med inkludering og fellesskap på avdelingane, og i barnehagen generelt. Ein fin måte å starte førebuingane til dagen på, er å la barna vere med og henge opp plakaten.
Hugs òg at vi har opptak av eit kveldsseminar med inspirasjon. Sjå det her
Alle variantar finst både med og utan skrivefelt. Har du spørsmål om plakaten, kan du sende e‑post til bjornar.vika@fug.no.
Bokmål
Nynorsk
Lulesamisk
Nordsamisk
Sørsamisk
Kvensk
T-skjorte med logo
Under finn du fila for å trykke årets logo på t-skjorte. Fila er i Adobe Illustrator.
Ved ønske om bestilling av t-skjorter til barnehagedagen kan ein ta kontakt med Line Engstrøm hos IDÉ House of Brands.
Ho kan kontaktast på e-post Line.Engstrom@idegroup.no