Om FUB

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) er eit nasjonalt og uavhengig utval av foreldre med barn i barnehage som er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.

FUB gir råd og rettleiing til foreldre, tilsette i barnehagar og myndigheiter om samarbeid mellom heim og barnehage. Du kan ringje FUB for å få råd om alt som handlar om kvardagen til barnet ditt i barnehagen. Vi svarar òg på spørsmål om anna samarbeid med barnehagen.

I tillegg til å gi råd, gir vi også innspel til utdanningsmyndigheitene i saker som handlar om barnehage og heim. FUB vart oppretta i 2010, og har felles sekretariat med Foreldreutvalet for grunnopplæringa i Bø i Telemark. I tillegg til å gi råd, kjem vi også med innspel til utdanningsmyndigheitene i saker som handlar om barnehage og heim. FUB vart oppretta i 2010, og har felles sekretariat med Foreldreutvalet for grunnopplæringa i Bø i Telemark.

Når barn ikke kan være ute i barnehagetiden
3-5-åringene

Kva gjer FUB?

Vi skal sikre at foreldrestemma høyrest i aktuelle barnehagepolitiske saker og at Kunnskapsdepartementet har eit rådgivande organ. FUB jobbar etter følgjande hovudmål: «Samarbeidet mellom heim og barnehage skal bidra til at alle barn i barnehage får eit best mogleg tilbod.»

Vi meiner at eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage skaper ein trygg og god kvardag for våre minste. Målet er det same anten du står på innsida eller utsida av barnehageporten; alle barn i barnehagar skal få eit så godt tilbod som mogleg.

Dette er noko av det vi i FUB jobbar med:

Kven er FUB?

Foreldreutvalet for barnehagar vart for første gong oppnemnt av Kongen i statsråd sommaren 2010 og dei første utvalsmedlemmene kom saman 1. august same år.

FUB sin administrasjon består av kompetente rådgivarar med lang erfaring frå barnehagesektoren. Vi flytta i 2019 til i Bø i Telemark, etter ni år i Oslo.

Marianne Dahlseng

kontorleiar

Materiell for foreldre og ansatte

Her kan du lasta ned materiell som er nyttig for barnehagetilsette og for deg med barn i barnehage.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev