
FUB, Fagforbundet og Utdanningsforbundet inviterer til kveldsseminar for Barnehagedagen i februar. Her ser du når og kvar seminaret finn stad, og korleis du kan få det med deg.
Som oppvarming til Barnehagedagen 2026 inviterer Fagforbundet, Foreldreutvalet for barnehagar og Utdanningsforbundet barnehagetilsette, foreldre og andre interesserte til kveldsseminar tysdag 10. februar.
I år som i fjor har vi flytta kveldsseminaret ut av Oslo-gryta. Denne gongen er staden Trondheim og arenaen Digs. Du kan sjølvsagt også følgje det digitalt saman med kollegaer eller heime i godstolen.
På kveldsseminaret får vi innleiingar frå leiar av Foreldreutvalet, Tor Eirik Rasmussen, leiar av yrkesseksjonen kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet, Marianne Bratsveen, og første nestleiar i Utdanningsforbundet, Ann Mari Milo Lorentzen.
Her leser du mer om tema og slagord for Barnehagedagen 2026
Foredrag fra Heldal og Franck


Forfattarane av fagartiklane til Barnehagedagen, Karianne Franck og Marit Heldal, vil halde kvar si innleiing og svare på spørsmål frå salen. Vi får òg presentasjonar frå to barnehagar om korleis dei arbeider med inkludering og fellesskap.
Innleiingane på kveldsseminaret vil ta for seg ulike perspektiv på kva inkludering og fellesskap betyr i barnehagesamanheng, og korleis barnehagen kan planleggje og gjennomføre aktivitetar som tek vare på barn sine ulike føresetnader og interesser. Vidare vil innleiarane framheve korleis barnehagen kan leggje til rette for at alle barn opplever seg som betydningsfulle og har ein naturleg plass i barnefellesskapet.
Med samisk kultur som brubyggjar
I tillegg til forsking vil det òg i år kome bidrag frå to barnehagar: Ilabekken barnehage og Medbroen Gårdsbarnehage. Frå den siste nemnde er det Hege Sagmo Bjørgan som kjem for å gi eit innblikk i barnehagekvardagen på Medbroen.
Barnehagen er kjend for sin levande pedagogikk, der gardsdrift, sjøliv, tradisjonshandverk og kulturelt mangfald gir barna meiningsfulle opplevingar og læring. Medbroen har eit sterkt fokus på inkludering og likestilling, og jobbar aktivt med å integrere samisk språk og kultur i kvardagen. Barna deltek i dyrestell, slakt, båtliv og samiske aktivitetar i leik og kvardagslege situasjonar. Samisk kultur blir brukt som ein brubyggjar for identitet, tilhøyrsle og respekt – både for barna og dei vaksne.
I sitt føredrag vil Hege Sagmo Bjørgan gi oss ein smakebit og vise korleis barn lærer gjennom deltaking i gardsarbeid, samisk språk, sjølivet og kroppslig læring – og korleis dette skaper tryggleik, respekt, omsorg og nysgjerrigheit i barnegruppa. Føredraget gir òg døme på korleis barnehagens tilsette møter foreldra sine ønskje og utfordringar med openheit og fagleg forankring. I tillegg kjem også Ilabekken barnehage for å dele frå eigen praksis.
Seminaret er gratis og ope for alle. Meld deg på i kolonna under. Velkomen!

Om arrangementet
Hvor? DIGS – Krambugata 2, 7011 TRONDHEIM Vis i Google Maps
Når? tirsdag 10. feb. kl. 18:00 – 20:00
Påmeldingsfrist: 10.02.2026
Pris: Gratis
Praktisk ansvarlig: Marianne Aagedal
E-post: maraag@udf.no
Telefon: 92428980