
Langtidsvarselet for barnehagesektoren er mørkt – med nokre få lysglimt, meiner utvalsleiar i FUB, Tor Eirik Rasmussen, etter å ha lese forslaget til statsbudsjett for 2026.
– I valkampen lova dei ikkje berre øyremerking, men òg meir pengar til bemanning. Vi trudde dei skulle halde det dei lova, seier Tor Eirik Rasmussen.
Ikkje overraskande er det tiltaka rundt bemanningskrisa som opptar utvalsleiaren mest. Han peikar på at regjeringa har fått med seg forsking som viser at auka bemanning gir betre barnehagetilbod, redusert behov for vikarar, betre foreldresamarbeid og tettare oppfølging av enkeltbarn. Likevel vel regjeringa å gjere som i fjor: Vidareføre rammetilskotet på 800 millionar kroner, som dei håpar kommunane vil bruke på betre bemanning. Samstundes vidarefører dei den øyremerkte løyvinga til toppa bemanning – 200 millionar kroner, som i 2025.
– Med løns- og prisvekst blir dette ein nedgang på det einaste tiltaket som er øyremerkt. Det er provoserande å lese at dei ber om betre løysingar for å løyse bemanningskrisa når dei allereie har fasiten i budsjettgrunnlaget, seier Rasmussen, som har liten tru på at kommunane vil prioritere auka bemanning på eiga hand.
Her finn du statsbudsjettet for 2026
Systematisk nedprioritering av barn og unge
Rasmussen er ikkje aleine om å vere skuffa over den manglande satsinga på barn og unge. Saman med FUG-leiar Ståle Kalkvik har han merka seg at det er lenge sidan det har vore reelle satsingar i oppvekstsektoren.
– Slik vi les det, har det ikkje vore gjort ei satsing utover løns- og prisveksten i barnehage og opplæring sidan 2016. Vi har altså tiårsjubileum med utarming av både barnehage og skule. Kva for ein katastrofe må til før det blir satsa på barna våre?
Her er lysglimta
Sjølv om det ikkje er gjort direkte tiltak mot bemanningskrisa, finst det nokre lyspunkt i horisonten.
– Eg registrerer at det er sett av midlar til 125 nye plassar for arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Det er noko vi veit fungerer, sjølv om det på langt nær er nok til å stoppe blødinga. I tillegg er det løyvd pengar til kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehagar, samt 75 millionar kroner til rettleiing av nyutdanna. 10 millionar til nye bøker i barnehagane er ikkje mykje, men vi tek med oss den. Så set vi vår lit til at budsjettforhandlingane slår positivt ut for barna våre, avsluttar Rasmussen.