0-2-åringene

I treårsalderen har barnet alt lagt grunnlaget for personlegdommen sin. Dei to første åra utviklar barnet seg frå å vere nyfødd og hjelpelaus og avhengig av nære omsorgspersonar til å ha lært seg «alt». Barnet blir gradvis meir bevisst og har stor utvikling på alle område, både intellektuelt, motorisk og når det gjeld språk og kjensler etc.

Dei viktige første åra

Alt kort tid etter fødselen begynner barnet å kommunisere med omverda. Det reagerer på lydar, prat, musikk og berøring. Etter kvart hermar det etter rørsler og lydar, og samspelet med nære omsorgspersonar utviklar seg. Dei første månadene utforskar barnet omgivnadene med sansane: Det ser, høyrer, tek på og smaker.

Enkle bøker, materiell og leiker som stimulerer sansane, underbyggjer behova til det vesle barnet. Omgivnadene kan leggje til rette med ting som toler å bli utforska, og som gir barnet gode høve til å bevege seg.

Eittårsalderen

Rundt eittårsalderen begynner barnet å gå, og det liker å vere i stor aktivitet. Barnet bruker språket til å gjere seg forstått, og det begynner så smått å utvikle identiteten sin. Daglege rutinar som måltid, påkleding, stell og leik bidreg til å gjere barnet trygt og sjølvstendig. Eittåringen liker å delta i kvardagsaktivitetar. Dei kjenner igjen enkle ting og veit kva som høyrer saman med kva. Språkutviklinga skjer heile tida, og barnet forstår mykje meir enn det kan uttrykkje. Når dei vaksne snakkar med barnet og samtidig viser det kva dei snakkar om, øker barnets forståing meir og meir. Song, rytme, rim og reglar utviklar både språket og det sosiale.

To- og treåringen

Ein toåring er skapt til å bevege seg og kan i sitt eige tempo og på eige initiativ gå både lenge og langt. Dette er òg alderen for å vidareutvikle utforskinga og bruke til dømes puslespel, leite/finne-leikar og forandringsleikar. Toåringar utviklar fine handrørsler og er opptekne av små ting og detaljar. Dei klarer til dømes å ete sjølve, teikne og kneppe knappar. Toåringar liker å høyre forteljingar og lese enkle bøker. Enkle forklaringar og svar på spørsmål saman med gode språkmodellar fremjar utviklinga av språket. Dei vaksne bør bruke eit språk med rette ord og uttrykk og ikkje snakke «babyspråk» med barna. I treårsalderen begynner barnet å få sin eigen identitet og omtaler seg sjølv som «eg». Språket og sosial omgang med andre utviklar seg raskt, og leiken endrar innhald og form og blir meir sentrert rundt leikemateriell og rolleleik. Leikesekvensane blir òg lengre.

Barnet blir meir sjølvstendig og testar dermed viljen sin på omgivnadene. Behovet for å vere sjølvstendig fører til nye oppdagingar og auka sjølvoppfatning. Men som ein del av eit fellesskap møter barnet òg hindringar og motstand, og det kan ikkje alltid få viljen sin. Tryggleik for barnet er òg viktig for at det ikkje skal skade seg eller komme opp i situasjonar som det ikkje klarer å handtere.

Tilknytning

I desse første åra er tilknytinga til omsorgspersonane viktig for utviklinga til barnet. Tilknytingsteorien blei opphavleg utvikla av John Bowlby for å forstå og beskrive prosessane som resulterer i eit psykologisk band mellom barn og omsorgsgivar. Trygg tilknyting kan beskrivast som at barnet har gode og nære omsorgspersonar rundt seg, som ein trygg base.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev