Eg heiter Tor Eirik Toft Rasmussen, er 37 år og bur i Sandnes saman med kona mi Sylviann og tre barn. Ein gut på fire, ei jente på seks og ein gut på eit halvt år. Eg er utdanna elektroingeniør og jobbar no som maskintryggingsingeniør ved Autostore AS.
Eg har hatt verv som FAU-medlem i Kanvas Svanholmen i tre år, og er per no SU-medlem i same barnehage.
Eg brenn spesielt for at barn skal ha det trygt i barnehagen, og at dei skal kunna blomstra. Eg er ikkje redd for å stå for det eg meiner er viktig og prøver å sjå det store biletet.