Eg heiter Steffen Kvalheim, er 31 år og bur på Askøy utanfor Bergen saman med mi forlova Camilla, ei dotter på 1,5 år og ei bonusdotter på 10 år.
Eg er utdanna ingeniør, har tidlegare erfaring som mellom anna butikksjef, autorisert Apple teknikar og jobbar no som teamleiar og systemutviklar ved Omega 365 Solutions.
Eg brenn spesielt for at barnehagen skal vera ein trygg og god lærings- og utviklingsarena for barna våre. I tillegg er eg veldig interessert i tema knytt til samspel mellom barn og teknologi, og korleis teknologi kan hjelpa og støtte i barnehagen.
Eg håpar at eg som fersk barnehage-pappa kan komma inn med ferske auge og gjerne litt nye perspektiv i FUB.