
Denne hausten inviterer FUB til to digitale SU-kveldar for alle barnehagar i Vestland og Møre og Romsdal som ønskjer å delta. Meld deg på – vi håpar å sjå deg.
Våre barnehagerådgivarar, Beate Darrud og Marianne Fehn, inviterer barnehagar i Vestland og Møre og Romsdal til ein gratis, digital kurskveld om samarbeidsutvalet (SU).
FUB får mange spørsmål frå både foreldre og styrarar om korleis SU fungerer og kva rolle det har. På bakgrunn av dette har vi utvikla eit to timar langt kurs som vekslar mellom korte forelesningar og praktisk arbeid i kvar enkelt barnehage.
Det er viktig at det enkelte SU samlast fysisk – til dømes i barnehagen eller i eit felles lokale for fleire barnehagar i kommunen – slik at de kan jobbe saman undervegs i kurset. Kurset passar for både nye og erfarne SU-medlemmer, og gir nyttige verktøy for å styrke samarbeidet mellom foreldre og barnehage.
Meld på din barnehage
Kursdatoar:
- Vestland: Tysdag 28. oktober kl. 18.00–20.00
- Møre og Romsdal: Tysdag 4. november kl. 18.00–20.00
Påmeldingsfrist: 22. august
Påmelding: Send e-post til post@fubhg.no
Tema for kvelden
Mange lurer på kva dei skal gjere i barnehagen sitt samarbeidsutval, SU. I løpet av kvelden skal du få ny kunnskap, tips og døme på korleis og kva samarbeidsutvalet i barnehagen kan jobbe med. Vi vekslar mellom førelesing, refleksjonar og oppgåver. Under ser du det vi skal gjennom punkt for punkt.
Valgt inn i SU – kva nå?
- Kven sitter i SU?
- Kva skal SU gjøre?
- Kva seier lovverket om SU og foreldreråd?
- Forskjellen på foreldreråd, SU og FAU
- Ulike rollar i SU
- Vedtekter/ retningslinjer
- Kva saker kan opp i SU?
- Årshjul for SU-arbeidet
- Førebu og gjennomføre SU-møte – døme på god praksis
Førebuingsmøte for styrarane
Vi gjennomfører eit digitalt forberedelsesmøte med styrarar i barnehagar som har meldt seg på. Det gjer vi for å gå gjennom korleis kurset blir gjennomført, og kva barnehagen må tenkje på i samband med gjennomføringa. Dette blir torsdag 28. august kl. 10.00–11.00 (lenkje til møtet blir sendt ut til dei som melder seg på kurskvelden).
Har de nokre spørsmål, så kontakt oss gjerne på tlf. 47799200 eller e-post post@fubhg.no.