Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

Biletet syner ein familie som sit saman og ser på eit nettbrett.

Den 10. juni 2025 la Regjeringa fram for Stortinget ei melding om korleis dei ynskjer å arbeide for at alle barn og unge skal få ein trygg oppvekst i møte med eit digitalisert samfunn. Dette er Meld. St. 32 (2024-2025). Den 8. januar møtte FUB-leiar Tor Eirik Rasmussen i Barne- og familiekomiteen i munnleg høyring og la fram nokre av FUB sine viktigaste meiningar om dette.

Heile stortingsmeldinga finn du ved å klikke på denne lenka.

Samarbeid og dialog med alle foreldra

FUB har laga og sendt inn eit skriftleg notat til stortingskomiteen. I sjølve høyringa var det berre tid til å løfte fram nokre av dei viktigaste punkta frå dette. FUB har gjeve si støtte til hovedretninga i stortingsmeldinga og har særleg peika på at det er naudsynt med dialog og smarbeid med foreldra til barna i barnehagen òg i høve til korleis barnehagen nyttar seg av digitale flater. Særleg viktig er det at ein ikkje gløymer at alle foreldra må få del i dette.

Heile det skriftlege innspelet frå FUB kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.