Tru på framtida – uansett bakgrunn

Bildet viser to barneskoleelever som har krav på opplæring i samisk.
Biletet syner to barn som sit og skriv på papir.

Den 6. juni 2025 la Regjeringa fram for Stortinget ei melding om korleis dei ynskjer å arbeide for at barn og unge skal få like moglegheiter for ei trygg oppvekst, og til å utvikle seg, lære, meistre og skape grunnlaget for eit godt liv for seg og sine familiar. Dette er Meld. St. 28 (2024-2025). Den 8. januar møtte FUB-leiar Tor Eirik Rasmussen i Barne- og familiekomiteen i munnleg høyring og la fram nokre av FUB sine viktigaste meiningar om dette.

Heile meldinga finn du ved å klikke på denne lenka.

Bemanning, mat og kosthold

FUB har laga og sendt inn eit skriftleg notat til stortingskomiteen med merknadar til fleire av tiltake i stortingsmeldinga. I sjølve høyringa var det berre tid til å løfte fram nokre av dei viktigaste punkta frå dette. Rasmussen nytta høvet også denne gangen til å peike på kjende FUB- saker som bemanningskrisa i norske barnehagar og kor viktig det er at barna får ete god og sund mat når dei er i barnehagen.

Heile det skriftlege innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.