
Foto: Colourbox. Biletet syner eit barn som er inn vindauget i ein barnehage.
På grunn av endringar i barnehagelova sine reglar om tilskot til private barnehagar er det naudsynt med nye forskriftsreglar om dette. Regjeringa har difor sett fram eit forslag om forskrift som regulerer finansieringa av private barnehagar. FUB har svara på høyringa.
Variasjon, nærleik og valfridom
FUB har ikkje gått særleg inn i problemstillingane kring korleis tilskota skal reknas ut. Vi har følgd debatten og merka oss at det er noko usemje mellom Regjeringa og ulike representantar for den private barnehagesektoren, særleg knytt til barnehaganes utgifter til pensjon for dei ansatte. For FUB har det først og framst vore viktig å peike på at foreldra ynskjer valfridom, breidde i tilbodet, at pengane kjem barna til gode og at offentlege og private barnehagar behandlast likt.
Heile høyringsnotatet, kor også FUB sitt høyringssvar kjem heilt til slutt, kan lastast ned nedst på sida.