Teiknspråk for livet

Illustrasjonsbilete frå NOU 2023: 20

NOU 2023: 20 inneheld forslag til ein heilskapeleg politikk for norsk teiknspråk. Utgreiinga kjem frå eit utval oppnemnd ved kongeleg resolusjon 13. august 2021, og blei levert til Kultur- og likestillingsdepartementet 13. juni 2023. Ho blei sendt på høyring i september 2023. FUB har svara på høyringa saman med FUG.

Norsk teiknspråk har institusjonell støtte i fleire sektorar, i eigne institusjonar, og i offentlege verksemder som fremjer bruken av norsk teiknspråk på ulike måtar. Utgreiinga viser likevel at norsk teiknspråk er under press.

Heile utgreiinga finn du HER.

Mykje som er kjent

Foreldreutvala får til saman i underkant av 1000 førespurnader i året frå foreldre som opplever utfordringar i møte med skolar og barnehagar. Mange av desse gjeld rettar som ikkje blir oppfylte. Vi kjenner igjen mykje av dette i utgreiinga om teiknspråk. FUB og FUG har i høyringssvaret peika på fleire av punkta i utgreiinga som dei kjenner att frå eiga erfaring.

Du kan laste ned høyringssvaret nedst på sida

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev