
FUB vil anerkjenna at regjeringa i statsbudsjettet for 2027 fører vidare midlar redusert foreldrebetaling og låg makspris. Men, for oss foreldre er det ikkje berre pris som er viktig – me er endå meir opptekne av god kvalitet på barnehagetilbodet.
I statsbudsjettet for 2026 vart det løyvd 800 millionar kroner til toppa bemanning, og i tillegg vart ordninga styrkt i revidert nasjonalbudsjett med ei ekstraløyving på 350 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa å føra vidare dei 800 millionane, som ikkje er prisjusterte, men fører ikkje vidare ekstraløyvinga. Dette betyr at barnehagane i 2027 får 350 millionar kroner mindre til toppa bemanning.
Vi ser inga reell ny satsing på barnehage i statsbudsjettet for 2027, berre ei vidareføring av tidlegare tiltak. Når utfordringane i skulen blir diskuterte, blir barnehagen trekt ofte fram som ein del av løysinga. Då må også barnehagen få sin del av investeringane. Skal barnehagen vera ein del av utdanningsløpet, må det vera synleg i både handling, løyvingar og skriftleg dokumentasjon – ikkje berre i prat.