Sjølvstyrt er velstyrt

Biletet syner eit barn som sit i barnevogn, og nedre del av ein vaksen som held i vogna.

FUB har saman med FUG gjeve si uttaling til høyring frå Helse- og omsorgsdepartementet. Høyringa gjeld forslag til å gjere ordninga med brukarstyrt personleg assistent betre. Forslaga er fremma i NOU 2021: 11 Selvstyrt er velstyrt. Vi meiner at mandatet til utvalet bak utgreiinga har vore for snevertmen at det er viktig med ei god ordning for å styrke funksjonshemma foreldre si deltaking i samarbeidet med skulane.

I september 2019 nemde regjeringa opp eit utval som skulle komme med forslag til betringar i ordninga med brukarstyrt personleg assistanse. Forslaget blei sendt på høyring i mars 2022.

Les heile utgreiinga HER.

Snevert mandat

FUB og FUG er samde om at regjeringa har gjeve eit for snevert mandat til utvalet når med føresetnader om at ordninga framleis skal vere kommunal. Sterke stemmer i utvalet har tala for at ei slik ordning må vere statleg forankra i eigen lov. Vi meiner at mandatet til utvalet burde gjeve rom for ei «fullskala» utgreiing av ei statleg ordning.

Heile høyringssvaret frå FUG og FUB kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev