
Partiet Raudt sette i april fram eit representantforslag til Stortinget om ein forpliktande opptrappingsplan for forbetringar i bemanningsnorma for å sikre betre og meir stabil dekning av personale i barnehagane. Dette er noko som FUB har vore opptenkne av i lang tid og det var naturleg å uttrykke støtte til dette forslaget.
Du finn heile forslaget og grunnlaget for det ved å klikke på denne lenka.
FUB sine ynskjer
FUB ynskjer å styrkje bemanninga i barnehagane ved å innføre ei forsterka bemanningsnorm, der forholdet mellom barn og tilsette skal vere 5:1 og 2:1. Denne normen skal gjelde for kvar enkelt barnehage. I tillegg meiner FUB at plantida til pedagogane ikkje skal reknast med i bemanningsnormen. Ei slik styrking av normen vil krevje fleire tilsette, og for å lukkast med rekrutteringa meiner FUB at det er fleire område det bør satsast på. Det bør opnast for at fleire yrkesgrupper kan arbeide i barnehagane, og det må arbeidast aktivt for å få fleire menn inn i sektoren. Det er òg viktig å sikre at barnehagane har gode vikarordningar, slik at dei har tilgang til kompetente vikarar når det trengst.
Du kan laste ned heile innspielet frå FUG nedst på sida