
I september sende Helsedirektoratet ut ei høyring knytt til «Revidert anbefaling om språkutvikling i nasjonal faglig retningslinje til helsestasjoner». Anbefalinga gjeld bar i aldersgruppa 0-5 år.
FUB svara på denne høyringa. Høyringa blei svara ut i Forms, slik Helsedirektoratet hadde bede om.
Du finn anbefalinga og oversikt over dei innspela som har kome inn HER.
Einig
FUB har i korte trekk gjeve uttrykk for at endringane er lettfattelege og tydelege, at anbefalnga har tilstrekkeleg med prakstisk informasjon og at den faglege grunngjevinga for anbefalinga er forståeleg. I tillegg har FUB peika på at foreldre kan kjenne på manglande tryggleik for om barna deira får vist kva dei kan og at dette er teke med på en grei måte. FUB saknar òg at anbefalinga seier noko om barn med samisk som heimespråk og barn med fleire heimespråk.