FUB og FUG har fått høve til å gje innspel eller svare på høyring i tre prosessar som heng tett saman. Omtrent samstundes fekk utvala invitasjon til å la seg høyre i samband med ekspertgrupperapporten Et jevnere utdanningsløp, NOU 2024:3 Felles innsats mot ekstremisme og regjeringa sitt arbeid med stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet.
Sidan godt smarbeid mellom barnehage/skole og heim er ein viktig fellesnemnar for alle dei tre prosessane, valte FUG og FUB å svare saman og likt i alle dei tre høyringane. I rapporten Et jevnere utdanningsløp finn vi ei oppsummering av kunnskap om godt skole-heimsamarbeid som utvala meiner det er svært viktig at får prege det vidare arbeidet.
Du kan lese meir om dei ulike arbeida HER, HER og HER.
Samarbeid med foreldre må lærast
Det er nær samanheng mellom ulikskap og ekstremisme. FUG og FUB meiner at sjølve samarbeidet og mellom skole og heim og foreldre som kjenner kvarandre er ein nøkkel til å forebygge utanforskap. FUG og FUB har gjeve si støtte til hovedanbefalingane frå ekspertgruppa for eit jevnare utdanningsløp og ber samtidig om at det òg takast med eit punkt om å auke kvaliteten på opplæring i foreldresamarbeid på barnehagelærar- og lararutdanningane.
Du kan laste ned heile innspelet nedst på denne sida.