Inkorporasjon av CRPD

Regjeringa sette i 2022 ned eit juridisk ekspertutval for å greie ut korleis FN sin konvensjon om rettane til personar med funksjonsnedsettingar (CRPD) skal innlemmast i norsk lov. Regjeringa sende utgreinga på høyring i mars. FUB har gjeve høyringssvar.

Ekspertutvalet var delt i synet på korleis ein bør innlemme CRPD-konvensjonen i norsk lov. Medan fleirtalet meiner at ei innlemming i menneskerettslova slik at konvensjonen får forrang ved regelmotstrid er den beste løysinga, er mindretalet bekymra for at ei slik innlemming vil gje uoverskuelege konsekvensar og overlate for mykje rettsutvikling til FN-organa. FUB har gjeve si støtte til fleirtalet.

Du finn heile utgreinga og kan lese andre høyringssvar HER.

Angår foreldra og krev ressursar

FUB har i sitt høyringssvar gjeve uttrykk for at det dessverre ofte er slik at det er avgjerande for oppfylling av rettane til barn med funksjonsnedsettingar om foreldra har ressursar og kjennskap til systemet og kan kjempe for dei. FUB presiserer at det er grunn til å forvente at ei inkorporering vil føre til ei reell utviding av rettane som vil krevje meir ressursar i kommunane.

Heile høyringssvaret frå FUB kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev