Individregister

Biletet viser nokre vaksne med barn på armen.

Ved fleire høve har ulike offentlege utval, forskarar og organisasjonar peika på at ein i Noreg ikkje har nasjonale register med individdata om barn knytt til skolar og barnehagar. I den seinaste tida er det særleg eit nasjonalt register om fråvær i skolen som har vore etterlyst. I eit høyringsnotat frå oktober i 2024 har Kunnskapsdepartementet drøfta korleis dei meiner ein kan balansere nytteverdien av individregister med personvernet til barna.

FUB har svara på høyinga.

Du finn heile høyringsnotatet HER.

Bekymra

I høyringa har FUB gjeve uttrykk for at dei er positive til at utviklinga av barnehagesektoren skal bygge på solid kunnskap, men er samstundes bekymra for om alle sidene av personvernet til barna er tilstrekkeleg vurdert. FUB har derfor foreslått at ein legg opp til ei gradvis innføring, slik at ein kan vurdere fordelar og ulemper undervegs.

Du kan laste ned heile høyringssvaret frå FUB nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev