
I vår starta Utdanningsdirektoratet arbeidet med eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet om å lage ei oppdatering om stoda i arbeidet med tidleg innsats og individuell tilrettelegging. Fleire instansar har blitt bedne om å bidra til UDIR si innhenting av kunnskap. FUB har svara på denne oppmodinga.
Henvendinga kom til FUB i april. Arbeidet er knytt til Stortingsmelding nr. 6 (2019-2020)som du finn HER.
Foreldresamarbeid
FUB gjennomfører kvart år spørreundersøkjingar med foreldre som respondentar. I nokre av desse er det spørsmål og svar som vi meiner er relevante for UDIR å kjenne til. Vi har óg løfta fram nokre av erfaringane vi har frå kontakt med einskilde foreldre. FUB har særleg peika på at foreldresamarbeid er svært viktig i høve til tidleg innsats og individuell tilrettelegging.
Du finn heile innspelet frå FUB nedst på sida