
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet sende Utdanningsdirektoratet i september 2026 på høyring forslag til endringar i organiseringa av skuledagen for 1. og 2. trinn. Formålet med endringane er å leggja betre til rette for ein skuledag der opplæringa i lesing, skriving og rekning blir styrkt, og det viktigaste faginnhaldet blir prioritert. Samtidig skal det leggjast betre til rette for leik, rørsle og fysisk aktivitet som del av læringa til elevane, og for sosial læring og emosjonell utvikling.
Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) støttar behovet for å utvikla ein meir heilskapleg og alderstilpasset begynneropplæring. Me meiner at organiseringa av dei første skuleåra må ta utgangspunkt i behovet til barna for tryggleik, leik, relasjonar, utforsking og gradvis fagleg utvikling. Ein god overgang mellom barnehage og skule er avgjerande for barns trivsel og læring, og skulen må byggja vidare på erfaringane barna har med seg frå barnehagen. FUB har tidlegare understreka betydninga av forpliktande samarbeid mellom foreldre, barnehage, skule og SFO i overgangen til skulen.
Heile det skriftlege innspelet frå FUB kan lastast ned nedst på sida.