
Fødselstalsutvalet har greidd ut årsaker til fallet i fødselstal dei siste 15 åra og skisserer konsekvensar av låge fødselstal for samfunnet og kvar enkelt. På bakgrunn av dette har utvalet vurdert og kjem med forslag til tiltak som kan auka fødselstala.
NOU-en løfte viktige problemstillingar knytte til låge fødselstal, organisering av familieliv og balansen mellom arbeid og omsorg. Utvalet har foreslått 7 hovudtiltak for å stimulera til at det fødast fleire barn og at foreldre vel å få barn tidlegare.
FUB opplever at fleire forslag reiser spørsmål om realisme, gjennomførlegheit og konsekvensar for barnehagetilbodet og foreldres kvardagssituasjon.
Det er viktig for foreldre at iverksetjing av satsingar og tiltak blir gjord med barnets beste, foreldres behov for fleksibilitet og valfridom (som f.eks tilgjengelege barnehagar med ei opningstid som treffer behovet til foreldra) og gode barnehagetilbod med tilstrekkeleg bemanning som utgangspunkt.
Heile det skriftlege innspelet frå FUB kan lastast ned nedst på sida.