Få gratis leseplakatar til barnehagen din

Lesebrosjyre til barnehage
Bildet viser forsida av lesebrosjyre til foreldre.

Saman med Nasjonalt lesesenter har FUB laga nye «Les for barna»-plakatar. Her kan du bestille gratis plakatar til alle avdelingane i barnehagen din.

For nokre år sidan laga FUB og Nasjonalt lesesenter plakatar som minna både foreldre og tilsette om kor viktig det er å lese for barna. Plakaten var populær, men trong eit ansiktsløft – og no har han fått det.

Plakaten kan bestillast heilt gratis til barnehagen din i ulike periodar i løpet av året. Fristen for å bestille i denne omgang er 24. mai.

Få plakaten på fleire språk

Plakaten finst i to ulike versjonar: éin på bokmål, éin på nynorsk og éin med mange ulike språk. Denne plakaten er det lurt å henge opp i gangen slik at foreldra ser han når dei leverer og hentar.

Alle barnehagar i landet kan bestille éi pakke per barnehage. Det er lurt å få styraren til å bestille plakat på vegner av alle avdelingane. Når du har bestilt éin gong, kan du ikkje bestille igjen.

Bestiller du innan 24. mai, sender Lesesenteret plakaten til deg i løpet av juni månad.

Brosjyrar til tilsette og foreldre

Det er altså Nasjonalt lesesenter som sender ut plakatane, og samstundes legg dei ved to brosjyrar. Éi brosjyre er retta mot tilsette. Ho inneheld refleksjonar og er fin å bruke til dømes på fagdagar. Den andre brosjyren kan foreldre laste ned frå heimesida til Lesesenteret.

Her finn du meir om både plakatar og dei ulike brosjyrane, som du får på både bokmål og nynorsk.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.