Punktskrift i skulen

Punktskrift, også kalla blindeskrift, er eit skriftsystem som vert brukt av blinde og personar med svært nedsett synsevne. Skriftsystemet vert lese lineært og er kombinasjonar av opphøgde teikn i papir som dannar bokstavar som kan lesast med fingrane.

Punktskrift vart funne opp av franskmannen Louis Braille på 1800-talet og vert i dag brukt av millionar av synshemma verda over og er tilpassa ulike språk.

Dette seier lova om punktskrift i skulen

Opplæringslova paragraf 3 seier dette om punktskrift i skulen: “Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har òg rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skulen, til og frå skulen og heime. Før det vert gjort vedtak om slik opplæring, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering.” Kommunen har ansvaret for opplæring på grunnskulenivå og fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring.

Dette seier utdanningsdirektoratet om punktskrift i skulen:

“Nokre elevar kan ha ein progresjon på alle nivå, medan andre har mål på første nivå som noko å strekke seg mot. Det er difor viktig at læraren saman med eleven og føresette prioriterer mål som eleven har nytte av og moglegheit for å meistre. Tema innan punktskriftopplæring er taktile evner, forståing av rom, taktil avkoding og lesing og skriving av punktskrift. Eleven kan arbeide med mål på forskjellige nivå innanfor kvart tema og på tvers av tema og evner.

Ein elev som har rett til opplæring i punktskrift, får den ordinære opplæringa i lesing og skriving saman med klassa. Dei ekstra timane til punktskriftopplæring kjem i tillegg til det ordinære timetalet. Kor mange timar eleven bør få, vil avhenge av behovet. Det kan ofte vere hensiktsmessig med fleksibel bruk av timane for å kunne nytte punktskrift i funksjonelle samanhengar. Innhaldet i denne opplæringa bør knytast til behovet eleven har for opplæring i fag. For mange elevar er det konsentrasjonskrevjande å lese og skrive punktskrift. Det er difor viktig å finne tidspunkt på dagen som er gunstig for eleven.”

FUG meiner:

Alle elevar treng å kjenne at dei høyrer til i klassefellesskapet. Tilhørigheita vert mellom anna påverka av haldningar i klassa, omsorg elevane har for kvarandre og evna dei har til å kommunisere på tvers av ulike vanskar eller behov. Difor er det viktig at heim og skule samarbeider og legg til rette for at elevar med synshemming vert godt inkludert i klasse- og skulemiljøet.

Det kan handla om at:

  • elevar og føresette får god informasjon om korleis det er å ha ei synshemming.
  • elevar og føresette veit kven dei kan spørje dersom dei har spørsmål rundt temaet.
  • skulen legg til rette for at alle elevane i klassa kan samhandle på tvers av ulike utfordringar.
  • elevar (og føresette) vert bevisste på at kommunikasjon ikkje berre handlar om kva vi seier, men at veldig mykje òg vert kommunisert gjennom kva vi gjer og korleis vi oppfører oss.
  • at klassa får kunnskap om punktskrift
  • at klassa får respekt for det arbeidet elevar med synshemming må legge ned for å lære seg dette.

Lære punktskrift?

Statped, Noregs statlege spesialpedagogiske teneste, har ein god rettleiar til deg som vil lære å lese og skrive punktskrift. Kurset er eit sjølvstudium og er lagt opp til ein lesedel og ein der du skriv sjølv. Vegleiaren heiter Punkt for punkt, er skrive av Gunleik Bergrud og kan hentast frå Statped sine nettsider.

Les meir om tilrettelegging i skulen er

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev