Spesialundervisning

Kva er spesialundervisning?

I opplæringslova paragraf 5 står det “elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning”. “Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven jobbar etter andre læringsmål, at ein lærar eller assistent følgjer opp eleven i klassa, eller at han eller ho får spesialtilpassa utstyr.” SITAT UDIR

Skulen – første instans

Er du bekymra for at skulebornet ditt strevar på skulen, anten fagleg eller sosialt? Uttrykkjar bornet sjølv at opplæringa på skulen er for vanskeleg? Då er det viktig at du raskt tar kontakt med skulen for å drøfte dette. Fortel korleis du opplev situasjonen, og gi døme på det som opplevast vanskeleg. Skulen har teieplikt, så du kan føle deg trygg på at alt du forteljer blir vareteke på ein god måte. Skulane sit på lang erfaring og verdifull kompetanse, og vil jobbe for å finne den beste løysinga for bornet ditt. I første omgang kan det handle om å tilpasse opplæringa betre eller finne eigna tiltak som skulen kan prøve ut innanfor rammene av ordinær undervisning.

Nokre skular har òg faste treffpunkt med ulike tverrfaglege instansar der det er rom for å invitere føresette inn. Det kan vere godt for både heim og skule å tenke høgt saman om situasjonen for bornet, saman med nokon utanfrå, i dette tilfellet PPT.

Tilvising til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Viss tilpassingane skulen gjer ikkje er tilstrekkeleg, må føresette og skulen formelt involvere pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for å gjere ei sakkunnig vurdering. Dette skjer ved at rektor ved skulen sender ei tilvising til PPT. Skulen skal òg sende tilvising til PPT viss føresette har bedt om undersøking av behovet til eleven for spesialundervisning, eller når føresette krev ei sakkunnig vurdering.

Ei tilvising inneheld generelle opplysningar om eleven, bakgrunn for tilvising, opplysningar frå føresette og ein pedagogisk rapport skrive av skulen. Det bør kome tydeleg fram av tilvisinga kva ein ynskjer vurdert. Tilvisinga kan ikkje sendast utan at føresette/elev har signert. Føresette får òg tilgang til innhaldet i tilvisinga og eventuelle vedlegg. Born som er over 15 år, skal gi sjølvstendig samtykke og er sjølv part i saka. Dei skal spørjast om råd, og meiningane deira skal tilleggas stor vekt. Når tilvising er send, vil den bli følgd opp av ein saksbehandlar i PPT. Saksbehandlaren bør ha dialog med både heim, skule og eleven sjølv gjennom utgreiingsarbeidet.

Utgreiing og sakkunnig vurdering

For å vurdere om ein elev treng spesialundervisning gjer saksbehandlaren i PPT ei utgreiing og ei sakkunnig vurdering. Dette kan innebere samtalar med elev, føresette og skule, observasjonar i klasserom og friminutt, og dessutan kartlegging eller testing av eleven. God praksis er at PPT lagar ein utgreiingsplan som gir oversyn over kva som skal skje til kva tid i utgreiingsarbeidet. Dette skapar føreseielegheit for heim, skule og ikkje minst eleven sjølv. PPT har plikt til å rådføre seg med eleven og føresette i arbeidet med å utforme eit eventuelt tilbod om spesialundervisning. Det skal leggast stor vekt på eleven og føresette sitt synspunkt. Den ferdige sakkunnige vurderinga er eit dokument som viser om eleven har behov for spesialundervisning. Retten til eleven vert synleggjort ved at det blir laga eit enkeltvedtak. Skulen brukar òg den sakkunnige vurderinga når dei skal lage ein individuell opplæringsplan (IOP)

Enkeltvedtak

Skulen skal vurdere og avgjere om eleven har rett til spesialundervisning. Dette blir gjort etter at PPT har sendt den sakkunnige vurderinga til skulen. Det er skuleeigar som har mynde til å fatte enkeltvedtak. Denne mynden kan delegerast til rektor ved skulen. Det skal fattast enkeltvedtak både når spesialundervisning blir innvilga og når det blir avslått. Det er viktig for rettstrygginga til eleven at kommunen eller skulen fattar enkeltvedtak også når dei avslår. Fasen blir avslutta med at enkeltvedtaket blir sendt til elev og føresette. Eleven og føresette har rett til å klage på eit enkeltvedtak.

Gjennomføring og evaluering

Når det er fatta eit enkeltvedtak som gir eleven rett til spesialundervisning, startar planlegginga av korleis spesialundervisninga skal gjennomførast, mellom anna gjennom at skulen utarbeider ein individuell opplæringsplan (IOP) for eleven. Den individuelle opplæringsplanen skal ta utgangspunkt i den sakkunnige vurderinga. Planen er eit reiskap for lærarane, både i spesialundervisninga og i den ordinære opplæringa. IOP-en gir òg føresette innblikk i korleis spesialundervisninga er tenkt gjennomført i praksis.

Skulen bør vurdere utviklinga til eleven fortløpande heile året. Elevar som tek imot

spesialundervisning, har òg rett til vurdering undervegs. I tillegg skal det kvart år skivast ein årsrapport. I denne rapporten skal skulen vurdere læringsutbyttet og utviklinga til eleven ut frå dei måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven (IOP). Evalueringa skal gi skulen grunnlag for å justere det vidare arbeidet, anten det gjeld innhald, arbeidsmåtar, organisering eller metodar.

I årsrapporten må skulen òg vurdere om det er behov for å vidareføre spesialundervisninga, om det er nødvendig å vise eleven til PPT igjen, om saka kan avsluttast, og korleis overgangen mellom ulike opplæringsår og skular skal løysast.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev