Å starte på skole er stort for både barn og foreldre. Ofte er ikkje første skoledag i klasserommet, men på SFO eller AKS. Her får du tips til å førebu dei første dagane i ein ny kvardag.
Skolestarten nærmar seg og du kjenner kanskje på både forventning og nervøsitet på vegne av barnet ditt? Ein god start er å snakke om forandringa som skal skje. Når barnet er godt førebudd på kva som kjem, vert det òg enklare å meistre den nye kvardagen.
Målet må vere at barnet ditt gler seg til skolestart, og at han eller ho møter kvardagen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner. Gode vener og kjente fjes gjer overgangen mindre skremmande. Difor kan det vere lurt å snakke med dei andre foreldra i barnehagen. Kanskje nokon av barna begynnar på same skole? Kan dykk førebu dei på skolestart saman?
Her er nokre tips til kva du kan gjere før skolestart:
- Øv på å gå til skolen saman med barnet ditt.
- Snakk med andre foreldre eller skulen om å tilrettelegge for at fleire kan ta følgje til og frå skulen.
- Bli kjent med dei andre foreldra i klassa. Det gjer det enklare å samarbeide om å gi barna ein fin skolestart.
- Snakk positivt om dei andre foreldra og barna i klassa.
- Snakk positivt om skolen og kvardagen med læring.
- Førebu deg på at du vil ha mindre kontakt med personellet til skolen enn du hadde med barnehagen.
Kva kan du forvente av barnehagen?
I tett samarbeid med deg som forelder, skal barnehagen sørge for at overgangen opplevast trygg og god for barnet ditt. Denne prosessen bør starte så tidleg som mogleg. Du skal involverast i planlegginga av overgangen; enten i individuelle samtalar eller foreldremøte. I tillegg har du krav på å få vite og godkjenne at barnehagen utleverer informasjon om barnet ditt til skolen. Det kan berre gjerast med samtykke frå deg, jf. Forvaltningslova paragraf 13 om teieplikt.
Barnehagen bør ha:
- Gode rutiner for overgangen mellom barnehage og skole.
- Eit eige pedagogisk opplegg for dei eldste barna.
- Ei feiring som markerar slutten på åra i barnehagen.
Kva kan du forvente av skolen?
Skolen og barnehagen har gjensidig plikt til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skole/SFO. Det er nedfelt i både Barnehagelova og Opplæringslova. Når overgangen er godt planlagt og skjer i tett samarbeid med foreldra, gir det barnet ein god start på skoleåra. Det viktigaste er at både du og barnet ditt er trygge i prosessen. Du har krav på god informasjon og moglegheita til å stille spørsmål, og det kan vere lurt at du set deg inn i rutinane for korleis barnehagen og skolen/ samarbeider.
Dette kan du undersøke:
- Besøker skole/SFO-tilsette barnehagen før skolestart?
- Legg skolen til rette for foreldrenettverk, som møter for foreldre, foreldre-kaffe eller dugnad?
- Korleis jobbar skolen for å sikre eit trygt og godt skolemiljø for alle?
- Kva prinsipp følgjer skolen når dei set saman klassane?
- Korleis sikrar skolen tryggleik og inkludering i friminutta?
Andre viktige spørsmål:
- Kva forventningar har skolen til deg som forelder?
- Tilbyr skolen leksehjelp til ditt klassetrinn?
- Er skolen tilrettelagt for barn som treng ekstra assistanse?
- Tilbyr skolen læring som er tilpassa behovet til ditt barn?
LES MEIR OM KVA UDIR skriv om temaet
HAR DU BARN SOM SKAL STARTE PÅ UNGDOMSSKULEN? Les meir her