SFO kan organiserast på forskjellige måtar:
- i tilknytning til skulen
- i eigne lokale drifta av skulen eller kommunen
- gjennom avtale med private skulefritidsordningar
Kommunen skal ha vedtekter eller planar som seier korleis SFO skal drivast.
SFO skal:
- fremje eit tydeleg verdigrunnlag
- ha eit godt psykososialt miljø (opplæringslova kapittel 9 A)
- fremje medverkinga til born
- ha trygge og gode vaksne som varetek dei ulike behova til elevane og samarbeider med føresette og dei tilsette i skulen
Sjølv om det ikkje er lovpålagt, anbefaler Utdanningsdirektoratet at SFO vert utforma i nært samarbeid med dei føresette. Føresette er ikkje pålagt nokon plikter knytt til SFO, men har likevel ei viktig rolle i å gjere tilbodet så bra som mogleg.
Det vert òg anbefalt at SFO gjennomfører evalueringar og føresettundersøkingar for å vere sikre på at dei føresette er nøgde
Begynne på skole og SFO? Les meir om kva du kan forvente her.