FUG har gjeve si tilslutning til utviding av moderasjonsordning for SFO.
Kunnskapsdepartementet sende i mai 2021 på høyring forslag til endring i forskrift til opplæringslova – utviding av moderasjonsordning i SFO. I statsbudsjettet for 2021 blei det bevilga 25 millioner kroner for å utvide moderasjonsordninga med inntektsregulert foreldrebetaling i SFO for elevar frå 1. og 2. trinn til også å gjelde for elevar på 3. og 4. trinn. Forskrifta skal gjelde frå 1. august 2021.
Les heile høyringsforslaget HER.
Positivt med utviding
Foreldreutvalet for grunnopplæringa stiller seg positivt til ei utviding av
moderasjonsordninga. Samstundes meiner vi at det òg
bør innførast søskenmoderasjon og makspris for SFO på same
vis som for barnehage.
Heile høyringssvaret frå FUG kan du laste ned nedst på sida.