FUG har gjeve innspel til Forsknings og utdanningskomiteen på Stortinget knytt til representantforslag om ei heilskapeleg ungdomsskolereform. Vi har peika på foreldre som ein viktig ressurs i styrkinga av kvaliteten i ungdomsskolen.
Representantar frå partiet Høgre kom i oktober 2021 med forslag om å innføre ei ungdomsskolereform. Det var videohøyring 11. januar 2022.
Heile representantforslaget finn du HER.
Deltok i høyringa
Marius Chramer deltok i høyringa og peika mellom anna på at det er naudsynt å involvere foreldreerspektivet, og at begrepa «tidlig innsats» og «tett på» er vesentlege i arbeidet med å gjere ungdomsskolen betre og meir praktisk og motiverande. Du kan sjå innlegget til Marius HER frå om lag 37 minutt ut i opptaket.
Ei skriftleg utgåve av innspelet til FUG kan du laste ned nedst på sida.