FUG har svara på høyring om midlertidige endringar i lovverket grunna krigen i Ukraina. Vi meiner at ein må vere varsam med å innskrenke rettane til born og unge, når vi ikkje veit korleis denne krisa vil påverke skulekvardagen.
Regjeringa har fremja forslag om tilpassing av mellom anna opplæringslova for å møte utfordringa krigen i Ukraina kan føre med seg.
Heile høyringsforslaget kan du lese på denne sida.
Innskrenker rettane til born og unge
I fire punkt oppsummerer FUG kor dei meiner at forslaget frå Regjeringa går for langt. Endringane som er foreslått innskrenker rettane til born og unge i for stor grad.
Heile høyringssvaret til FUG kan du laste ned nedst på sida.