Statsbudsjettet 2023

Statsbudsjett - marius chramer
Biletet syner Marius Chramer like etter kunnskapsministeren sin presentasjon av statsbudsjett for 2023.

FUG deltok på munnleg høyring av statsbudsjettet i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget den 24. oktober. Det var kontorsjef Marianne Dahlseng som framførte bodskapen til FUG, sidan Marius Chramer var oppteken.

Regjeringa la fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 den 6. oktober. Regjeringa hadde på førehand varsla at dei skulle kome med eit stramt budsjett.

Framlegget til statsbudsjett for 2023 kan du lese HER.

Elevane fortjener betre

FUG-leiar, Marius Chramer var til stades då departementet gjorde greie for dei viktigaste punkta i budsjettet når det gjeld skule og barnehage. Chramer vart ikkje nøgd av det han høyrde. Han hadde i det minste forventa eit lite steg i riktig retning med tanke på elevane og lærarane sitt fysiske arbeidsmiljø.

Ein skriftleg versjon av innspelet frå FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev