
FUG har gjeve sine kommentarar til utkast til enn rettleiar om teieplikt frå justisdepartementet. Vi meiner at den ikkje er god nok, og har kome med konkrete forslag.
Justis- og beredskapsdepartementet sende i februar 2021 på høyring eit utkast til ein tverrfagleg rettleiar om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett i forvaltninga. Utkastet byggjer på ei utgreiing utført av professor ph.d. Morten Holmboe etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Les heile utkastet HER.
Positivt med rettleiar
FUG stiller seg positive til ein generell tverrfagleg rettleiar om teieplikt. Teieplikta kan vere utfordrande i praksis også på skolefeltet. FUG har fleire merknader til kva som bør vere med i rettleiaren, mellom anna kva som gjeld om teieplikt for dei som hr teke på seg verv i rådsorgana i skolen.
Heile høyringssvaret frå FUG kan du laste ned nedst på sida.