Representantforslag om å satse på trykte lærebøker og redusere og målrette skjermbruk i skolen

Klassekontakt
Biletet syner ei mor som får opplæring frå ein lærar i å bruke skolen si digitale plattform

FUG har gjeve innspel til eit representantforslag frå Kristeleg folkeparti om å satse på trykte lærebøker og redusere og målrette skjermbruk i skolen. Forslaget er grundig, syner til fleire forskingsarbeid og munnar ut i 5 punkt.

FUG har gjeve si støtte til at dette blir teke opp i Stortinget, og har særleg synt til at punkt 5 i forslaget er bra. Dette punktet seier at: 5. «Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om bruk av digitale læremidler i den norske skolen for å gi en oversikt over bruken, vurdere resultatene og gi et grunnlag for å målrette bruken bedre som et supplement til trykte læremidler.«

Les heile representantforslaget HER.

Skolen spring frå foreldra

FUG har òg peika på at dei har fått ei rekke meldingar frå foreldre som uroar seg for at det ikkje blit tatt med i prosessane når skolane digitaliserast og ikkje får informasjon om kva for pedagogiske vurderingar som ligg bak skolens val. Dei melder vidare om at dei ikkje får følgd med på kva deira elevar lærer på skolen, sidan lærebøkene er gjøymd bak innlogging og at dei ikkje får tilstrekkeleg opplæring og informasjon om korleis dei digitale meldingsflatene skal nyttast.

Heile innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev