Personopplysingar og fjernundervisning

Bildet viser en elev som sit med pad og har heimeskole.

FUG har uttala seg i skriftleg innspel til forslag om endringar i opplæringslova, friskulelova og barnahagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.). Vi meiner bruka av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar og digital læringsanalyse må utgreiast, og at fjernundervisning krev aktiv involvering av foreldra og at ein lærar er til stades med eleven.

Utdannings- og forkningskomitéen på Stortinget har bede om skriftleg innspel innan 22. april 2021. Endringsforslaga blei fremma i Prop. 145 L (2020-2021).

Les heile forslaget frå Kunnskapsdepartementet HER.

Tydeleg forplikting til foreldresamarbeid

FUG tek til orde for at involvering av foreldre er særs viktig i samanheng med ei eventuell utviding av høvet til å gje fjernundervisning, og at dette må regulerast direkte i lova. Det er òg viktig at ikkje fjernundervinsning i praksis flytter skolens ansvar over på foreldra. Elevens rett til eit trygt og godt skolemiljø må sikrast her som elles.

Heile høyringssvaret frå FUG om personopplysningar og fjernundervisning kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev