FUG har gjeve svar på høyringa om når og over kor lang periode elevundersøkinga bør gjennomførast.
Frå og med våren 2022 vil perioden for å gjennomføre brukerundersøkingar i skolen bli korta ned, for å betre personvernet til dei som svarar på undersøkinga, og for at perioden for elevundersøkinga skal vere den same for alle elevar, føresette og lærarar. UDIR har sendt ut ei høyring om dette.
Tidleg og kort
FUG meiner det er ein god ting om resultata frå undersøkingane kjem så tidleg som mogleg og samla. Vi trur ikkje at ein kortare periode på 4 veker gjer særlege utslag for deltakinga i undersøkingane.
Heile høyringsnotatet og svara frå FUG kan du laste ned nedst på sida.