Oppussingsplan for skole-Norge

Norsk klasserom, covid-smitte, lufting
Bilete av eit tomt klasserom

To representantar på Stortinget frå partiet SV har fremja eit forslag om ein oppussingsplan for skole-Norge. Forslaget tek utgangspunkt i ein rapport som FUG har innhenta frå selskapet Multiconsult. Dette forslaget treff midt i blinken av FUG sitt engasjement for betre inneklima på skulane.

Forslaget er slik:

«Stortinget ber regjeringa om å undersøkje kvaliteten og lage eit system for regelmessig oppfølging av skolebygg og fysisk læringsmiljø for alle norske elevar i grunnopplæringa og den vidaregåande opplæringa, og rapportere tilbake til Stortinget på ein hensiktsmessig måte innan utgangen av 2023 med resultata og forslag til tiltak, inkludert korleis retten i opplæringslova § 9 A-7 andre ledd kan sikrast, og ein strategi for å forbetre skolebygg og fysisk læringsmiljø. Universell utforming skal vere eit grunnleggjande hensyn i strategien.»

HER kan du lese heile forslaget og grunngjevinga.

Bra forslag

FUG meiner at det er veldig bra at dette forslaget kjem på bordet. Det er naudsynt med ein debatt på Stortinget om korleis ein kan betre forholda for dei om lag 230.000 elevane i den Norske skolen som har sin skolekvardag i klasserom kor inneklimaet ikkje oppfyller dei faglege normane. Men det er viktig at ein ikkje set andreprosessar på vent.

Heile innspelet til FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev