Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om endringar i privatskolelova, forskrift til privatskolelova og økonomiforskrift til privatskolelova. Departementet foreslår mellom anna å fastsetje eit krav om at private grunnskolar som har både barne- og ungdomstrinn (kombinerte skolar) skal vere organisert i same rettssubjekt, og å presisere i lova at kombinerte skolar skal bli kompensert for smådriftsulemper berre ein gong.
FUG har svara på høyringa i ei kort høyringsuttale. FUG har mellom anna understreka at det for foreldre er viktig med fridom til å velgje privat eller offentleg skole. Det skal ikkje vere store skilnadar mellom å vere foreldre anten ein velgjer det eine eller det andre.
Heile forslaget kan du lese HER.
Friskolane er misnøgde
I samband med at høyringa blei opna, blei organisasjonane for friskolar misnøgde. Dei peika i media på at dei økonomiske rammene for drift av private skolar ville bli for dårlege dersom endringane blir satt i verk. Kunnskapsministeren har kalla inn til tettare dialog for å sjå på den konkrete innretninga av tilskotsmodellen.
Heile høyringssvaret kan lastast ned nedst på sida.