FUG har uttalt seg i høyring av forslag til ny opplæringslov frå Kunnskapsdepartementet. – At FUG og rådsorgana i skolen framleis skal vere forankra i lov er den viktigaste saka for oss, seier utvalsleiar Marius Chramer. Vi har òg kommentarar til andre delar av forslaget.
Kunnskapsdepartementet opna den 26. august 2021 høyring av forslag til ny opplæringslov. Høyringsfristen gjekk ut 20. desember 2021. Forslaget til departementet tek utgangspunkt i NOU 2019: 23 frå opplæringslovutvalet.
Les heile forslaget frå Kunnskapsdepartementet HER.
Lovfesting av rådsorgana
For at samarbeidet mellom skole og heim skal kunne gå føre seg i samarbeid og forståing med heimen er det naudsynt med klare strukturar for rådsorgana. Vi støttar òg at det skal gjelde eit generelt krav om forsvarlege tenester på opplæringslova sitt område og saknar at departementet tek i mot ballen frå Rettshjelpsutvalet og vurderer fri retthjelp og fritt rettsråd i skolen i samband med ny opplæringslov.
Heile høyringssvaret frå FUG til ny opplæringslov kan du laste ned nedst på sida.