Biletet er henta frå framsida til NOU 2023: 13 På høy tid
Ei offentleg utgreiing om realisering av dei funksjonshemma sine rettar blei sendt på høyring i august 2023. FUG og FUB har svara på høyringa.
Utgreiinga syner at det framleis er eit stort «rettsgap» på dette området, og utvala er samde om at det er på høg tid å tette dette gapet.
Du finn heile utgreiinga HER.
Javisst er det på høg tid!
FUG og FUB legg vekt på behovet for informasjon, samarbeid og ressursar. Vidare, uttrykker dei støtte til utgreiinga si tittel, og poengterer at rettane til funksjonshemma i Norge er mangelfulle. Ei fundamental endring må til i møte med desse elevane og deira foreldre. Dei peikar på viktigheten av tilstrekkeleg bemanning med rett kompetanse, og behovet for informasjon om rettar. Foreldreutvala understreker også viktigheten av universelt utforma skolar og barnehagar, og peikar på at det som er bra for nokon, er bra for alle.
Heile høyringssvaret kan du laste ned nedst på sida.