Læringsanalyse

Biletet syner ei ung jente som sit i eit klasserom med ei datamaskin framfor seg.

Rapporten frå ei regjeringsoppnemd ekspertgruppe, sett til å utgreie grunnlaget for bruka av elev- og studentdata for å fremje læring, blei overrekt til kunnskapsminister Tonje Brenna den 6. juni 2023. Ekspertgruppa blei stifta 10. september 2021. Rapporten blei lagt ut på høyring.

FUG har gjeve svar på høyringa. Høyringsfrista gjekk ut 29. oktober.

Heile Rapporten kan du lese HER.

Ikkje eit spørsmål om anten, eller

Ekspertgruppa syner at digital læringsanalyse kan være eit nyttig bidrag inn i den norske skolen. Det er ein føresetnad at ein tek det i bruk med sterkt medvit om kva rammene for bruka er. FUG er opptekne av at ein av desse føresetnadane er at ein legg godt til rette for at elevar og foreldre blir involverte i prosessane kring innføringa og bruka av teknologi for digital læringsanalyse i skolane. Då er det ikkje eit spørsmål om ein skal eller ikkje skal nytte læringsanalyse, men korleis.

FUG har òg fått høve til å gje innspel direkte til ekspertgruppa tidlegare i prosessen. HER kan du sjå kva FUG hadde å seie då.

Heile høyringssvaret til FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev