Komitéhøyring – Stortingsproposisjon om ny opplæringslov

Stortinget
Biletet syner stortingsbygninga i Oslo

FUG-medlem Stig Oprann møtte på høyring i Utdannings- og forskingskomiteen torsdag 20. april for å fortelje politikarane kva FUG meiner om at regjeringa i lovproposisjon 57 L har tatt bort FAU og dei andre foreldreorgana frå opplæringslova. FUG er ekstremt skuffa over forslaget.

Det er brukt mykje spalteplass på å harselere med foreldreorgana i skolen. Billige poeng om kaffekoking, vaffelsteiking, ti råd for korleis du kan unngå å bli valt, og anna. FAU har gjort mykje for skolar og nærmiljø over heile landet. Vi kan nevne i fleng av gode tiltak som foreldre får til der skoledemokratiet fungerer. Vi trur det fort kan skape kaos og ulikskap dersom det blir opp til kvar einskild kommune å lage rammene for foreldrene si deltaking i demokratiet i skolen.

HER kan du sjå heile innlegget til Stig.

Skriftleg innspel

Før den opne, munnlege høyringa skreiv FUG eit innlegg til komiteen. I dette peika vi sjølvsagt på at ein ikkje må fjerne foreldreorgana i skolen frå lova, men òg på nokre andre sider av den lova regjeringa har lagt fram som vi meiner ikkje tek vare på foreldra og elevane i stor nok grad i høve til leisrskole, spesialundervisning og statsvorvaltaren si kompetanse i skolemiljøsaker. Det har vore to opne, skriftlege høyringer av ny opplæringslov tidlegare. HER og HER kan du lese dei breie innspela som FUG har gjeve tidlegare.

Du kan laste ned heile det skriftlege innspelet vårt nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev